AnneMarieyoga for kvinner, mars/april-25
AnneMarieyoga for kvinner, mars/april-25
Dette yogakurset er eit kurs for deg som har vore med før, evt kjenner til yoga frå før.
Eg likar å dele det eg kan av det eg har lært og det eg lærer i yogafilosofien medan eg går vegen innover i personleg fordjuping. Eg deler med deg ulike retningar i yoga som yin, restorativ, tibetanske riter og mindfullness og YogaSomatics. Eg lærer for tida meir om PUST og er i gang med Yoga Nidra-utdanning. Dette og alt det andre er noko eg vil dele med deg.
I denne gruppa er du open, nysgjerrig og spontan for å oppleve nytt og kanskje også få muligheit til gå innover i deg sjølv og opne opp for DEG, den du er.
Oppstart onsdag den 5. mars klokka 19:30-21:00 i Røde-Korshuset, og varer til og med 9.april . Dette blir siste 6-vekerskurset før hausten. Du får meir info eit par veker før oppstart på eposten du oppgir i påmeldinga. Viss du lurer på om dette er noko for deg, så ta kontakt på messenger eller sms, 97101315. Eg tek sjeldan ukjente telefonar, men ringer deg opp att når eg ser du har meldt frå. Hjerteleg velkommen inn i yogaverda med meg og dei andre!