Yoga for stive menn, mars /april-25
Yoga for stive menn, mars /april-25
Eit heilt eige kurs for berre menn! Vi prøver igjen!
Du kan møte i eit felleskap for menn i alle aldrar som kjenner at dei er stive i ledd og musklar, og som gjerne vil ta vare på kroppen sin med å bli meir fleksible og mjuke. Nokre øvingar er ståande, nokre sittande på matte og nokre liggande. Dette er eit lågterskeltilbod både for deg som er ny i yoga og deg som har delteke før.
Fjordyoga har alt utstyret, så du treng ikkje anna enn kle som er gode å bevege seg i, og kanskje ei drikkeflaske.
Ei økt varer i 75 minutt på torsdagar med oppstart den 6. mars og varer i 5 veker til saman . Vi held til i Røde- Korshuset på Ohnstad. Inngang på baksida av huset.
Viss det er stor nok interesse, startar vi opp. Om du har betalt inn kursbeløpet og kurset blir avlyst pga for lita interesse, vil du få refundert beløpet.
Så står det att å ynskje deg velkommen!
Oppstart torsdag 6. mars 2025 klokka 18:00-19:15 i Røde-Korshuset.