Yoga – ei positiv endring på livsmønsteret ditt

 

Som nyutdanna yogainstruktør med 200-timars utdanning gjennom Axelssons, tilbyr eg yogaklasser og workshop frå hausten 2018 på to ulike stader, Sognefjorden og Nordfjord. Nærare bestemt Aurland i Sogn og Torheim i Nordfjord.

Yoga kan hjelpe kroppen din til å fungere betre: ledd, musklar og ikkje minst pusten. I tillegg kan yogaen hjelpe deg til å vere til stades her og no. I staden for at tankane alltid vandrar mellom fortid og framtid, får du oppleve å vere til stades her og no både i kropp og sinn. Nokre stunder der vi  er heilt til stades i oss sjølve, er noko vi alle treng i liva våra. Så i tillegg til å trene pust, bindevev, sener, musklar, nervesystem og pust, trenar du hjernen din også.  

Etter at du har jobba med kropp og sinn gjennom yogatimen, avrunder vi med anten stressreduserande meditasjon eller mindfulness-meditasjon. Då roar alle kroppens system seg ned, og renseprosessar vert sette i gang medan du ligg i stillheit.

Det er blitt forska på og slege fast at yoga kan hjelpe deg til betre sjølvkjensle, mindre depresjon, mindre ryggsmerte, mindre stress, traumer, fibromyalgi, leddgikt, søvn og migrene. 

 

Når det kan skje så mykje bra med kroppen din og sinnet ditt, er det viktig å prøve yoga over tid og kjenne etter om det er noko for deg.
Det yogatimane du får med meg ikkje skal vere, er ein stad for å vise seg fram i ulike asanas (posisjonar). Nokre har kroppar som kan klare det meste, men alle må begynne ein stad. Og det gode er; i yogafilosofien er det viktigaste å arbeide med seg sjølv, kjenne på eigen kropp, følelsar og tankar og klare det ein klarer - godt nok! Vere tilstades på si eiga yogamatte. Ikkje konkurrere med andre, men med seg sjølv!

Når du driv med yoga, skjer det ofte ei positiv endring på livsmønsteret ditt. Du blir betre til å lytte på kva kroppen seier til deg, kva du et, kva søvnmønster du treng og korleis du føreheld deg til andre menneske rundt deg. 

Kva kan eg tilby?
Eg har ei multistyle-utdanning, noko som betyr at eg kan undervise i fleire retningar, som til dømes Ashtanga, Hatha og Yin-Yoga. Eg har og delteke på mindfulnesskurs hos Viggo Johansen, ein av dei mest kjende instruktørane i landet. I kursa eg tilbyr, får du tilbod om øvingar som styrker kropp og sinn, og som gjer deg betre rusta til å møte kvardagen.  
 

Yogakurs

workshops