Restorativ yoga, mars/april-25
Restorativ yoga, mars/april-25
Onsdagar klokka 17:45-19:00 frå 5. mars til påske, 6 gongar.
Restorativ yoga tilbyr deg aktiv kvile. Kroppen vert avlasta med ulike hjelpemiddel som pute, teppe, bolster, augepute og klossar. Du kan også ta med deg pute om du treng ei spesiell.
I restorativ yoga søkjer vi etter balanse som kan gjere underverk for kropp, sjel og ånd. Du kan lære å slappe av og stresse ned for å styrke nervesystemet. Ved å bruke hjelpemiddel og halde stillingane ei stund, kan kroppen din sleppe spenningar og nervesystemet ditt kan koble over frå å vere aktivt til å bli restorativ, gjenoppbyggande. Kroppen kan opplevast mjukare og meir fleksibel etter yogaøktene. Velvere!
Du treng ikkje ha vore med på yoga før, du vil bli rolig guida inn i gjenoppbygging. Du som har vore med tidlegare, er hjerteleg velkommmen igjen.
Oppstart onsdag 5.mars i Røde-korshuset på Ohnstad. og vi avsluttar til påske, den 9.april. Dette blir siste 6-vekerskurset før hausten. Du vil få meir info på epostadressa du oppgir når du kjøper plassen din. Denne sender eg ca 2 veker før oppstart. Hjerteleg velkommen til yogaglede ilag med gode folk.