Om meg
Yogainstruktør innan Multistyle yogautdanning (200 timarskurs) i 2017 og sidan har eg hatt yogakurs i Aurland, Nordfjord og Årdal. I desember 2017 tok eg eit 3 dagars kurs i healingmassasje under grunderen av Axelssons instituttet. Eg har delteke på Restorativ yogainstruktørutdanning (45 timars kurs) i 2018 under leiing av Ateeka Yoga. I tillegg har eg i 2018 delteke på ei vekes retreat på Bali “Finding self love” under leiinga av Bjørn Årstad Seyffarth og Michael Hallock (Water healing) og har hatt to gongar eit vekesopphald i Mindfulness meditasjon i Villa Faraldi i Italia under leiing av Viggo Johansen. Sommaren 2019 var eg igjen på Water Healing-kurs i Sola, leia av Michael Hallock og i april 2021 vart eg ferdig utdanna YogaSOMATICS yogalærar (250 timar) også her leia av Ateeka. Eg har følgt eit 6 verkes mindfulness meditasjonskurs online der læraren var Viggo Johansen,våren -21. Gjennom dei siste åra, har eg hatt hatt tilbod om yogakurs for gravide saman med jordmor Kari i Aurland. Elles har eg vore med Ola Borud på to langhelgsamlingar i meditasjon og to kurs i mindfulness og draumetyding. Året -21 og 22 fekk eg oppleve Tantra for kvinner der Ateeka er læraren min.
Året 2022-23 følgte eg ei fordjuping i mindfulness over 4 veker der mentorane mine var Vigdis Garbarek, Viggo Johansen og Ivar Vehler. Dette føregjekk på Nøsen yoga-og fjellhotell. Tema: Kva er det å vere menneske?
August-23: Gjennomførte ei viktig personlig samtale med Vigdis Garbarek i Oslo.
September-23 tok eg eit 5 vekers onlinekurs “Pelvis-hara” der læraren er Ateeka.
September-23 følgjer eg eit 4 dagars kurs på Storestølen: Styrk din feminine kraft og indre balanse med Trude Dybendal.
Eg har gjennom fleire år no hatt yogakurs i Aurland der eg har tilbudt Restorativ yoga, Yinyoga , Mammayoga, Yoga på stol og eit kurs for dei som har vore med meg før som eg kallar Anne Marieyoga. Dette kurset er ein miks mellom alt eg har lyst å dele med andre, og der er YogaSomatic ein av dei viktigaste ingrediensane. Då held vi til i Røde Korshuset i Aurland. Elles har eg hatt gleda av å ha blitt invitert av Nynorske litteraturdagar i Aurland for å tilby morgonyoga og dei siste 2 åra fram til-24 med morgonyoga på Næringslivskonferansen på Fretheim hotell i oktober.
I året 2024 og inn i-25 har eg starta i ei online utdanning i Yoga Nidra arrangert av The Shala Circle for å kunne tilby denne eldgamle yogiske søvnen på ein god måte. Eg arbeider enno med det, men det dukkar også opp andre inspirasjoner undervegs i vegen eg går, så det får bli fokus på det att når det naturleg blir. Har også gjennomført eit onlinekurs om nakke og ryggplager som vart arrangert av Deva Yoga. Eg er også blitt meir og meir interessert i Pustens Kraft, og øver meg no på ulike pusteteknikkar som Soma Breathing og Box Breathing. Spennande å oppleve effekten av å erfare ulike pusteteknikkar. Deltok på helgekurset februar—25 arrangert av Integrated human, Flow continium på Voss der fokuset var pusteteknikkar i Soma Breating, Moksha meditasjon og andre indre reiser.
Hausten -24 delte eg yoga på Østerbø fjellstove der vi laga eit prosjekt saman dagleg leiar Sandra Johannsen og eg, med yoga, fjellvatn bad og næringsrik mat. Det vil vi tilby i juni-25 også. Eg har også fått erfare å dele yoga på Hafslund, avd Vassbygdi november-25. Det er fint å få fleire erfaringar i yogadeling.
“Pusterommet”- ein dag for deg saman med andre- vart arrangert i samarbeid med Marianne Bakeri & Kafe den 25. januar-25 og det tenkjer vi kan bli eit årleg arrangement. Her var fokuset kvile, yoga, næringsrik mat og godt samver.
Yogaen eg kan tilby deg:
Hjelper kropp og sinn til å ha det betre
Passar alle aldersgrupper frå nybegynnarar til øvde
Passar både kvinne og mann
Inneheld også noko mindfulness meditasjon og indre øvingar, særleg på kurset eg kallar AnneMarieyoga.
Yoga i Nordfjord og Sogn
Aurland ved Sognefjorden
Torheim i nordfjord
Yoga ved Sognefjorden
yogakurs i Aurland ved sognefjorden

YOGAKURS OG WORKSHOPS I AURLAND
Yoga i Nordfjord
yoga workshops på «bønen» på torheim

YOGAKURS OG WORKSHOPS PÅ TORHEIM I NORDFJORD
Frå hausten-19, lagar eg workshop nokre laurdagar på garden vår på Torheim, Bønen. Der vil opplegget vere yoga og meditasjon i ei gammal tømmerstove, eit varmt og økologisk måltid, tur i bygda, badstu og ev sjøbad og meditasjon/yoga Nidra (yogisk somn).
Her lagar eg grupper på facebook der eg inviterer gjester. Har du interesse, ta kontakt med Anne Marie 97101315, sms, eller epost til post@fjordyoga.com.
Er yoga noko for deg?
Har du lyst til å bli meir avslappa og betre kunne takle stress i kvardagen? Skulle du ønske du hadde meir tid, tid til å gjere ting utan å stresse? Kunne du tenkje deg å kjenne deg meir vital og levande? Dette og meir kan yoga gjere for deg.
Du kan legge inn yoga i livet ditt. Du vil kunne kjenne på meir energi, skaparkraft, meir moro og fred.
